10. november 2020

SISTE NYTT FRÅ EIKEN SOGELAG:

Du som her lese Lygnanytt frå november, har kanskje sett
at Eiken Sogelag skal ha førjulslansering på Nostalgilåven
TORSDAG 26.11. frå kl. 18.00.
SJØLVSAGT VISS KORONA IKKJE SET EIN STOPPAR FOR DET.
Nostalgilåven sponsar kaffi, og andre godsaker kan du få kjøpt.

Dette gjeld følgjande:

  • Heieliv i Hekkfjeddet av Torfinn Hageland.
    Denne boka har ikkje vore å få tak i på mange år, då ho har vore utseld.Boka er nå trykt opp i nytt opplag. Ho er revidert, med oppdaterte opplysningar
    og fleire bilete enn før, også ein del fargebilete.
    Eiken Sogelag står som utgjevar, i samarbeid med Åseral Sogelag og Kvinesdal Historielag.
    Torfinn Hageland vil sjølv vera til stades for å signera bøker denne kvelden.
    BOKA KOSTAR KR. 400,-.
  • Eikjen 2020
    Også i år har sogelaget greidd å få tak i variert stoff til årsskriftet, som blir presentert denne kvelden.
    HEFTET KOSTAR kr. 100,-, og ved å stå som medlem får du det gratis.
  • OG SIST, MEN IKKJE MINST: (Dette var det me hadde på lur!)
    EIKEN SOGELAG HAR, I SAMARBEID MED EIKEN SAUALSLAG, I HAUST OGSÅ ARBEIDT MED Å LAGA EIN FILM OM
    SAUEKONGANE I EIKEN, OLAV GEORG TVEITEN OG ARVID BRYGGESÅ.
    Det er mykje som talar for at filmen blir ferdig til den 26.11., og då vil denne sjølvsagt også bli å få kjøpt her.       
    Filmen er gitt ut som eit USB-kort, dvs. ein minnepenn/kort som også kan brukast i eit smart-TV. Filmen kjem ikkje som DVD.
    Dei to hovudpersonane er her i sitt ess, og me får både skjemt og alvor, fakta om sauer og heieliv i kjend stil.
    Nydelege fargebilete frå Hekkfjeddet og Eiken, og autentisk «låve-miljø»
    som ei ramme rundt hovudpersonane, krydrar det heile og gjer denne filmen til eit flott, kulturelt dokument for ettertida.
    Filmen kostar kr. 250,-

Gå ikkje glipp av sjansen til å kjøpa flotte julegåver!

Du kan bestilla bøker og film her på heimesida
eller ringa Elfrid Werdal – 913 45 750
John Fidjeland – 924 94 704
Lars Asbjørn Bryggeså – 975 66 186


   

Share